– Vi har mange reglar for kven som kan fiske, korleis og kor mykje dei kan fiske. Dagens kvotesystem er svært komplekst, meiner fiskeriminister Per Sandberg.

Til dialogmøtet kjem Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Sjømat Norge og to forskarar. Medlemmene i Stortingets næringskomité er invitert som observatørar.

For fiskeriministeren er det sentralt å spørje om bidraget frå fiskeflåten til kystsamfunna er stort nok.

Lytte til fiskerinæringa

Møtet er ei oppfølging av kvoteutvalet (Eidesenutvalet) sin rapport frå 2016. Det pågåande arbeidet i departementet skal munne ut i ei stortingsmelding neste år.

Frå Mørebenken møter Steinar Reiten (KrF) som observatør på møtet i dag.

– I den fasen vi er i no, er det å samle informasjon og lytte til aktørar i fiskerinæringa langs heile kysten det viktige. KrF er i ein krevjande vippeposisjon på Stortinget. Då har vi eit særleg ansvar for å skaffe oss eit omfattande kunnskapsgrunnlag, seier Reiten til Sunnmørsposten.