Nye tal viser at rundt 7.400 tilsette og 1.120 sjømatbedrifter held til i fylket.

Desse skapte verdiar for 11,4 mrd. kroner i fjor, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Tett etter Møre og Romsdal følgjer Nordland og Hordaland. For heile landet er verdiskapinga innan sjømat 63,7 mrd. kroner, ifølgje departementet.

Ålesund er først på næringsminister Torbjørn Røe Isaksen sin havturné denne veka.

– Det er ingen tvil om at det ligg eit enormt potensial i havet. Her gjer sjømatnæringa i Møre og Romsdal ein viktig jobb. Norge skal vere best på hav, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding.