Det seier ørstingen Thomas N. Ryste som vil byggje ein 114 fots båt som skal nyttast til underhaldning, konferansar og turisttrafikk.

– Alle tilbakemeldingane eg har fått viser at det er marknad for eit slikt fartøy – og at turisme blir hovudsatsinga, legg Ryste til.

Han er identisk med mannen bak figuren «Kjellen» og dei mange Klypa-showa.

Peikar oppover

– Alle veit jo at pilene for turisme berre peikar oppover, seier Ryste.

Selskapet, eller reiarlaget som skal stå bak det høgst spesielle fartøyet har fått namnet Fjordscena.

Det skal drivast at ekteparet Thomas N. Ryste og Ida Rebbestad Ryste.

Skipsdesignet er det LMG Marin AS, med avdelingskontor i Ålesund, som står bak.

Inga tid å miste

Det er meininga at verftskonsernet Vard skal byggje båten, som kjem til å koste nærare 70 millionar kroner.

Dette er pengar som Ryste-paret ikkje har, og difor arbeider dei med å få på plass avtalar med aktuelle investorar akkurat no.

– Her er ikkje alt på plass enno. Nokre investorar har vi sikra oss, og vi arbeider med dei resterande.

– Vi håper å ha alt rundt det finansielle på plass før sommaren. Men vi klarer kanskje ikkje det, legg Ryste til.

Han seier at dette er spørsmål som dei gjerne skulle ha avklart så raskt som mogleg:

– Vi har i grunnen inga tid å miste.

Scene om bord

Det var på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta 22. mars at Thomas N. Ryste presenterte båtplanane for første gong.

– Etter konferansen er det mange som har teke kontakt, dei er nysgjerrige og vil vite meir. Eg har også fått spørsmål om jobb på båten. Men vi har dei folka vi treng.

Den flytande underhaldningsscena har ikkje fått noko namn enno. Men det er klart at fartøyet får ei scene om bord, og at det blir plass til 150 – og endå fleire når skipet ligg ved kai.

I sunnmørsfjordane

Ryste ser for seg at båten skal sigle i sunnmørsfjordane. Om bord blir det servering både av underhaldning, mat og drikke.

På konferansen var Thomas N. Ryste klar på at dette ikkje blir nokon Klypa-båt, men det blir Thomas Ryste Holding som skal ta seg av bookinga.

REIAR: Humoristen Thomas N. Ryste frå Ørsta vil bli reiar. Foto: Terje Engås