– Ei tvangsmulkt på 300 kroner per dag sidan i fjor haust er no i ferd med å knekkje meg økonomisk, seier Turid Rønning.

Ho har adresse på Valderøya, men ho har også hus og naust på inste Trandal ved Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Der bur ho store deler av året. Rønning fekk store skader på voren og terrenget kring naustet under orkanen Dagmar i 2011. Naturskadefondet godkjende øydeleggingane som naturskade, og har betalt ut i underkant av 50.000 kr til utbetringsarbeidet. Dette er basert på ein detaljert takst frå Ose ingeniørkontor, og godkjent av lensmannen i Ørsta.

I eit verneområde

Det høyrer med til historia at saka har kome opp på bakgrunn av ei granneklage i 2015. Området har LNF-status, som tilseier strengt vern mot naturinngrep.

– Dette arbeidet er søknadspliktig, hevdar administrasjonen i Ørsta kommune, etter å ha vurdert klaga og mellom anna studert eldre og nyare flyfoto frå området.

Utvalsleiar ville sjå sjølv

Saka hamnar dermed på politikarane sitt bord. Nærare bestemt i samfunnsutvalet, der Inge Kolås er leiar. Han seier til Sunnmørsposten at han ikkje utan vidare ville godta premissane for tvangsmulkt frå eigen kommune, og han kalla dermed inn heile samfunnsutvalet til synfaring i saka.

Denne gjekk føre seg måndag ettermiddag denne veka, med blikstille fjord under knallblå himmel. Om Trandal er ein tøft tilgjengeleg utpost, så er der tilsvarande vilt og vakkert.

Og frå sjøen synte i alle fall inngrepa kring det aktuelle naustet minimalt.

Naturen er i ferd med å ordne opp, kan det sjå ut til.

– Ingen alternative måtar

Maskinentreprenør Per Gunnar Tilseth fekk først ordet for å forklare korleis han hadde tenkt – og kva han hadde gjort i saka.

Han har bygd tallause sjøanlegg – og sameleis reparert.

– Sidan her ikkje finst veg som kan nyttast av større køyretøy hit til denne endekråa, så baserte eg meg berre på lokal stein og lokale massar.

Også ordføraren ville sjå

Eit springande punkt i saka kan bli om den terrengutjamninga entreprenøren måtte gjere for å kome seg ned til sjøen med maskinen sin, kan klassifiserast som ein veg. Dette ville ordførar Stein Aam, som også hadde teke turen med samfunnsutvalet til denne synfaringa, vite.

– Dette er ingen veg. Ein veg ville mellom anna vore jambrei, han ville hatt eit solid gruslag på toppen og ikkje vore tilnærma attgrodd slik vi her ser, hevda Tilseth.

Han sa han ville finne det svært underleg om han skulle prøve å finne endå meir stein eller lausmassar, berre for å «rote til att» for syns skuld, som han sa.

Turid Rønning, fødd og oppvaksen på Trandal, seier ho set si lit til at mulkta vert sletta.

– Mulkta heng over meg som ei mare. Eg ville berre setje i stand att det som orkanen reiv sund, det trudde eg ein kunne gjere.