Forening støttar Grand Hotel på Hellesylt

Trehotella er ein viktig del av vår nasjonale kulturarv, og altfor mange er blitt borte.

HELLESYLT: Grand må reddast, seier Fortidsminneforeningen 

Nyheter

Det meiner Fortidsminneforeningen, og støttar dei som vil hindre at Grand Hotel på Hellesylt blir rive, til fordel for eit nytt hotellbygg.

Fortidsminneforeningen viser til at dei så seint som i fjor uttalte at det er på høg tid med eit nasjonalt løft for å redde dei trehotella som er igjen.

Den gongen var det Hotel Mundal som var rivingstruga.

Nå er det altså jamgamle Grand Hotel på Hellesylt som lever på lånt tid, legg foreininga til.

– Det råder full einigheit om at dette er ei verneverdig bygning. Dette må bli førande for den vidare behandlinga av saka, meiner Margrethe C. Stang, styreleiar i Fortidsminneforeningen.

Skriv brev til Knut Flakk:

Hotelleigar ber for Grand Hotell på Hellesylt

Iris Fivelstad går ut med eit varmt forsvar av det rivingstruga hotellet. For sju år sidan prøvde ho sjølv å kjøpe hotellet på Hellesylt.