Ein sjåfør må klare seg utan førarkort i ei tid framover, etter ein fartskontroll på E39 på Vegsundbrua, natt til onsdag.

Føraren vart altså målt til 133 km/t i ei 70-sone, opplyser politiet på Twitter.

Det vart også gitt seks forenkla forelegg i denne kontrollen.

Etter ein trafikkontroll på fylkesveg 61 i Ulstein ved 07.00-tida onsdag morgon, er ein mann 50-åra mistenkt for promillekøyring.

I tillegg fekk ein sjåfør eit gebyr fordi han ikkje kunne framvise førarkort.

Illustrasjonsfoto: Nikolas B. Farstad.