Ved denne testen skal dei forsikre seg om at systema for befolkningsvarsling verkar dersom Åkerneset ramlar ut.

Dette betyr at alle som bur langs Storfjorden, eller som oppheld seg der denne dagen, vil få ei melding eller oppringing på telefonen.

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjelde sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune.

Ettersom testen og sirenene kan verke skremmande på enkelte, blir foreldre bedne om å informere barna på førehand.

Åknas/Tafjord Beredskap poengterer at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella, og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit ras blir utløyst.