Vogntog suste forbi barneskule - føraren mista førarkortet

Målt til 86 kilometer i timen i 60-sone.
Nyheter

(Fjordingen) Ein utanlandsk vogntogsjåfør mista førarkortet etter å ha køyrd gjennom UP sin laserkontroll i Hornindal onsdag. UP kontrollerte farta i 60-sona på E39 forbi Hornindal skule. Vogntoget vart målt til 86 km/t, opplyser UP til Fjordingen.

11 førarar fekk forenkla førelegg på grunn av for høg fart. Høgste målte fart blant dei 11 var 82 km/t.

Denne saka vart først publisert i Fjordingen.