Det nytta heller ikkje å klage til Fiskeridepartementet. Også dei seier nei til å gje Norsk Sjømat fire utviklingsløyve for oppdrett i sjøen i Stordal.

– Dette er skuffande, men det er lite anna å gjere enn å ta det til etterretning, seier Harald Espeland, som har arbeidd med planane.

Han er styreleiar i Stordal Aquaproduksjon og legg til at når det gjeld dette selskapet og den landbaserte satsinga i Stordal, som allereie har konsesjon, så må dei no få kome tilbake til kva som skjer vidare der etter at eigarane har fått drøfta saka.