Sogn og Fjordane tingrett har sett av fire dagar til behandling av ei alvorleg straffesak mot ein mann i 20-åra frå Nordfjord.

Ved fleire høve skal mannen ha utsett sambuaren for truslar og vald, ifølgje tiltalen statsadvokat Jogeir Nogva har teke ut mot mannen.

Tiltalte skal ha truga med å drepe både kvinna og barnet ho var gravid med, medan han heldt ein kniv mot magen hennar. Seinare same kveld drog han kvinna bort til eit akvarium og truga med å drukne henne. Han er også tiltalt for å ha lada ein luftpistol med ei kule og truga med å skyte kvinna medan han heldt pistolen ved tinningen hennar.

Blant fleire forhold er også truslar mot ein tilsett i barnevernet. Ifølgje tiltalen uttalte han at han ville bygge spikerbombe og kaste på huset til saksbehandlaren.

Forsvarar Ivar Blikra ville ikkje kommentere saka, då han ikkje hadde fått tiltalen ennå.