(Fjordingen) I kveld er det klart for semifinalen i Norske Talenter der vårt lokale håp, Stella Birthe Poland, skal freiste å sikre seg ein av dei til saman tolv finaleplassane.

To går vidare frå kveldens diektesende semifinale, og det er tv-sjåarane sine stemmer som avgjer.

I Fjordingen tysdag (for Fjordingen-abonnentar) kunne ein lese at 16-åringen hadde planar om å overraske ved å legge til sides den klassiske og akustiske harpa, og i staden ta i bruk ei heilt ny, elektrisk harpe.

Poland vil framføre ein kjend pop-aktig låt, men namnet på låta ønska ho å halde hemmeleg heilt til det siste.

Kva låt og korleis det går med musikk-talentet busett i Kjøs i Hornindal får vi altså svaret på fredag kveld.

Denne saka blei først publisert av Fjordingen