Ein robot med røntgensyn skulle fjerne fiskebein. Dette var første gong ein slik maskin vart installert på eit fiskefartøy. Hensikta var å auke verdiskapinga om bord.

No, halvanna år seinare, står røntgenroboten framleis stort sett ubrukt.

– Valka-maskinen fungerer, også i store bølgjer, fortel Per Magne Eggesbø, ein av dei som eig «Ramoen».

Men det har vore ei rekke andre utfordringar i den avanserte fiskefabrikken som først måtte løysast.

– Vi har hatt mykje tekniske problem, blant anna med datastyringa, seier skipper Egil Skarbøvik.

Led-lys forstyrra sensor

Å ligge først i utviklinga av ny teknologi er sjeldan problemfritt. For å spare straum, installerte dei led-lys. Det dei ikkje visste, var at ledlys kunne forstyrre sensorane i fabrikken.

– Vi leita etter feil, og bytta sensorar. Så oppdaga vi etter kvart at det var eit led-lys som forstyrra. Eit slikt problem var heilt framand for oss. Slikt må ein oppdage etter kvart, seier Skarbøvik. Dermed har det blitt meir innkøyringsproblem enn vanleg, seier skipperen.

– Eitt år med innkøyring er vanleg. No, etter 17 månader, byrjar det å bli stabilt.

For tida er «Ramoen» ute i havet nord for Nordkapp. Fisken skal vere innefrosen før det har gått seks timar slik at den beheld krafta, fortel Skarbøvik.

Den engelske fish and chips-marknaden vil betale meir for den gode kvaliteten på fisken, framhevar Per Magne Eggesbø.

To tredelar av fisken er avskjer. Dette blir omdanna til fiskemjøl og fiskeolje om bord – ingenting blir kasta.

Hundre prosent beinfri filet

No når elektronikken i fabrikken byrjar å fungere, vil dei også få sving på røntgenroboten for alvor.

Det vil gjere fisken frå «Ramoen» endå meir aktuell for daglegvarehandelen, meiner dei.

– No er det Valka-maskinen som skal ha fokus, seier skipper Egil Skarbøvik. Til hausten håper dei å kunne levere hundre prosent beinfri filet rett frå trålaren.

– Logistikken ut av filetmaskina er ikkje optimal. Vi treng først å finjustere logistikken i linjene i etterkant, forklarer skipperen.

– Angrar de på at de har satsa så mykje?

– Vi vil vere med på utviklinga, og det krev hardt arbeid, det kjem ikkje av seg sjølv. Vi håper at det betaler seg tilbake, seier Skarbøvik.