(Møre-Nytt) – Berre griseflaks at dei ikkje blei førde inn i skreda sjølve, noko som gjorde at dei berga livet, seier Stig Helset.

Den røynde skiløparen og fjellmannen var i området ikkje så lenge etter at skiløparar løyste to store ras frå Saudehornet søndag i 13-tida. Nesten det same skjedde tysdag, då ein tysk skiløpar vart ført nedover fjellsida, men kom frå det utan skade.

Også søndag var det utlendingar som forvilla seg inn i den bratte Saudehornsida.

–Dei har vore på den verst tenkjelege plassen, seier Stig Helset.

Han snakka med dei to svenskane i Skåla etter hendinga.

– Det innsåg at dei hadde gjort ei feilvurdering og var tydeleg rysta, seier Helset.

Les òg: Har gått flere snøskred: – Så ut som vi var kommet til Grønland

Augevitne

Jan Ove Juliebø, også det ein røynd skiløpar, var augevitne til rasa.

– Eg var på veg til Vallhornet, og såg at det kom folk ned frå toppen av Saudehornet. Dei snirkla seg nedover på kvar si side av det bratte partiet. Han som var på venstresida sett nedanifrå løyste snø, og det eskalerte. Det verka som han fekk panikk og han rann på tvers over mot den andre. Då tok han andre nokre svingar og løyste eit nytt skred, om lag på same plassen som tyskarane løyste skredet tysdag. Det var store skred, med stor brotkant, og dei gjekk langt ned i Skåla, fortel Juliebø.

Skummelt for tredje skiløpar

Berre 5-10 minutt før hadde ein skiløpar kome ned frå Vallhornet og runne inn i Skåla.

–Hadde han kryssa der då rasa kom hadde han vore sjanselaus, seier Juliebø.

Han er betenkt etter den andre nesten-ulykka med ras i Saudehornet denne veka.

– Det er utledningar som kjem hit og som nok ikkje kjenner forholda godt nok. Vi som er lokalkjende har knapt vore på Saudehornet i år, seier Juliebø.

Åtvarar

På si Facebook-sida kjem Stig Helset med ei åtvaring knytt til det å ferdast under bratte snøsider, sidan det kan kome store ras som går langt, slik det gjorde i Skåla søndag:  "Det siste viser at skiløparar også må vere varsame med å gå/renne i utløpsområde til bratte hellingar - særleg no når mildver og steikande sol varmar opp snø og bergvegger."

Varsom.no bruker faregrad tre ( betydeleg skredfare) på sine vurderingar for Sunnmøre, og skriv: "Mildvær fører til aukande skredfare utover dagen. Gamle svake lag vert vekkt til live og aukar faren for naturleg utløyste skred når dagen er på det varmaste."

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt.