Nabo høyrde kraftig smell

Bilda til denne artikkelen viser at det har vore ein skikkeleg smell, og Sunnmørsposten har snakka med bebuaren som varsla politiet.

– Båten må ha hatt bra fart og han stoppa rett på ein stein. Eg antek at båten har vore godt ute av kurs ei stund for å hamne der, seier han.

Mannen fortel at han ikkje høyrde noko lyd då ulukka skjedde, men at ein nabo hadde høyrt ein kraftig smell.

– Eg såg eit glimt av noko lys som ikkje pleier vere der, og gjekk ned for å sjå kva det var, fortel han.

Då han skjønte at det var ein båt, varsla han politiet.

Ambulansar, dykkarbåt og hurtigrute i sving

Meldinga kom klokka 01.24 opplyser operasjonsleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet rykka ut saman med fleire ambulansar og brannvesenet. Sistnemnte hadde med dykkarbåt som blei sett på vatnet, i tilfelle nokon var hamna i sjøen.

Samstundes vart Hovudredningssentralen for Sør-Norge kopla inn og dei tok kontakt med den sørgåande hurtigruta, som la om kursen for å lyse opp området og observere.

– I mellomtida gjekk eg ned til båten og såg at det låg ein mann om bord og sov, fortel bebuaren.

Hadde promille

Mannen i båten blei vekt av ambulansefolk og brannvesenet då dei kom til staden. Ein test på staden viste at mannen hadde promille – og han var difor teke med vidare for å ta blodprøve på legevakta, ifølgje politiet.

– Vi fekk avklart at han hadde vore åleine og at det ikkje var nokon andre involvert, fortel Bratland.

Etterforskingsavdelinga til politiet vil ta saka vidare måndag, også vert det opp til ein jurist å avgjere kva for sak som blir oppretta.

Båtføraren, ein mann i 30-åra som er busett på sørsida av Breisundet, må i alle tilfelle rekne med eit oppgjer i rettsapparatet etter båtturen.