Stor aksjon etter at båt gjekk i fjøra med eit brak: – Må ha hatt bra fart

Ein større aksjon blei sett i verk etter at ein fritidsbåt gjekk kraftig på grunn på Godøya natt til søndag.

  Foto: Smp.no-tipsar

Nyheter

Rusa båtførar køyrde på grunn og la seg til å sove

Naudetatena rykka ut etter grunnstøting i Giske natt til søndag.

Både politi, ambulanse, brannvesenet og fleire båtar blei kalla ut etter at ein båt køyrde rett i fjøresteinane på austsida av Godøya natt til søndag.

Nabo høyrde kraftig smell

Bilda til denne artikkelen viser at det har vore ein skikkeleg smell, og Sunnmørsposten har snakka med bebuaren som varsla politiet.

– Båten må ha hatt bra fart og han stoppa rett på ein stein. Eg antek at båten har vore godt ute av kurs ei stund for å hamne der, seier han.