Alnes Fyr og opplevelsesenter har fått ny dagleg leiar i Ann-Helen Støbakk.

– Formelt skjedde det frå 1. mars, men overgangen har vore glidande, seier Støbakk sjølv. Det var lokalavisa Øy-Blikk som omtalte saka først.

Skal sjonglere to roller

41-åringen frå Vigra har vore tilsett som kjøkkensjef ved senteret sidan 2017, og takka vere god hjelp skal ho framleis ha ansvar for maten der.

– Du er kanskje utdanna kokk, då?

– Nei, sjølv om eg har arbeidd både ved Sjøholt Catering, PSS Catering og vore avdelingsleiar for serveringsstadane på flyplassen på Vigra, seier Støbakk. – At eg vart kjøkkensjef her på Alnes var elles ganske tilfeldig. Eg skulle berre hjelpe Anniken (Aakvik, tidlegare dagleg leiar) med IK-mat - system for internkontroll av mat, og så balla det på seg, legg ho til.

– Kva gjorde du før du begynte med mat, då?

– Då arbeidde eg ved ei møbelbedrift, seier Støbakk - og ler når ho høyrer oppfølgingsspørsmålet:

– Du er kanskje utdanna møbelsnikkar?

– Nei, eg er nok ikkje det. Derimot er eg sjølvlært i alt eg har drive med opp gjennom. Eg har eit år på helse og sosial på vidaregåande. Det er alt, seier ho.

Hus for alle

Om Støbakk har lite formell kompetanse manglar det - i tillegg til solid erfaring frå arbeidslivet, ikkje på planar for den vidare drifta av senteret.

– Eg vil gjere det til eit folkets hus. Det inneber både vidareutvikling av tilbodet vi alt har, men også å tilføre nytt - mellom anna ser vi føre oss konsertar her, seier Støbakk.

– For dei som ikkje veit det. Kva har de allereie?

– I tillegg til storslått natur og fyret har vi kafe, kunstutstilling, catering, vi tilbyr utleige til private arrangement og kan vere vertskap for kurs og konferanse. Vidare har Kystverket ein del skjermar her som vi viser ulike program på, og i auditoriet er planen å syne videosnuttar med fyrhistorie, vi har berre ikkje kome så langt enno, seier ho.

Lågare besøk

– Korleis går det med besøkstala under tunnelarbeidet?

– Dei som bur her ute er svært flinke til å bruke oss. Vi er også særs takksame for velviljen både frå Statens vegvesen så vel som frå samferdselsavdelinga i fylket. Mellom anna har dei sett opp bussar og latt oss få køyre tunnelane, dersom vi har hatt så mykje folk her ute at det ikkje har vore plass på båten, seier Støbakk.

– Det største problemet er at mange trur Godøya er meir eller mindre stengt i rehabiliteringsperioden. Det er jo øya ikkje, og det å køyre kolonne er som å ta ferje, ein må berre passe tida.

– Sjølv om vi hadde svært mykje folk her ute, turistsesongen er rett rundt døra og vi også får ordna det slik at nokre av bussane som korresponderer med båten skal begynne å gå rundt neset, når vi ikkje fjorårstalet på rundt 130.000 besøkande, seier ho.

Når det gjeld tidlegare dagleg leiar Anniken Aakvik så har ho slutta for å satse på sitt eige selskap - Offbeat Adventures.