Dette er spørsmål som Statens vegvesen skal stille alle sjåførar av tunge køyretøy på Vestlandet i løpet av 48 timar denne veka – frå onsdag morgon til fredag morgon.

– Har de med tolk?

– Nei, men vi har trykt opp spørjeskjema på norsk, engelsk, polsk og russisk, forklarer prosjektleiar Bjarte Børtveit i Statens vegvesen.

Målet er å kartlegge all godstransport på heile Vestlandet. Børtveit seier dei hadde ei liknande undersøking i 2012, men i langt mindre omfang. Dette trur han blir norgeshistorias største godsundersøking.

For dei skal stoppe alle tunge køyretøy inn og ut av Vestlandet. Dei skal også stå med intervjuarane sine på dei mest trafikkerte ferjestrekningane.

230 personar

Bjarte Børtveit har ansvaret for prosjektet der 230 personar skal stoppe og intervjue sjåførane på alle tunge køyretøy.

Det blir gjort ved i alt 21 punkt frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord i dei to døgera undersøkinga varer.

– Vi er på plass på ferjerutene Anda-Lote, Volda-Folkestad, Festøy-Solavåg, Molde-Vestnes, Halsa-Kanestraum, Hareid-Sulesund og Sølsnes-Åfarnes. I tillegg skal vi vere på plass på stoppunkt i Romsdalen, i Sunndalen – og på Strynefjellet, fortel Børtveit.

Dessutan skal dei undersøke kva for gods som går med Raumabanen – og via hamnene i Ålesund, Måløy og Kristiansund desse 48 timane.

– Formålet vårt er å finne ut om det er meir av godset som i dag går på vegane som i staden kunne ha blitt frakta med båt eller bane, legg Børtveit til.

– I 2012 undersøkte vi godstrafikken på 13 punkt, i samband med E39-prosjektet. I tillegg til at vi går meir grundig til verks no, så vil det vere interessant å sjå om det har skjedd endringar på desse åra. Det har jo kome nokre nye vegar sidan den gong, mellom anna Kvivsvegen.

Møre og Romsdal

Børtveit fortel at dei denne gongen også har fått med seg fylkeskommunane, og det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har bede om at ferjesambanda Hareid-Sulesund og Åfarnes-Sølsnes også blir med i undersøkinga.

Prosjektleiaren seier rapportane skal vere klare i oktober.