Oppdatering: Motorsyklisten - ein mann i 30-åra, fekk lettare skadar i trafikkuhellet, opplyser Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding måndag kveld.

Føraren av ein motorsykkel er skadd i ei skulder etter eit trafikkuhell på Godøya i Giske måndag ettermiddag, melder politiet.

- Motorsykkelen har velta, heiter det.

Det skal ikkje vere problem med trafikken elles som følgje av hendinga.