Ny prislapp på fjordkryssing:

Rovdefjordsambandet fekk hjelp frå Kleven til å kutte kostnadar

Ved å bygge flytebru i stål framfor betong, kan ein spare kring 100 millionar ved kryssing av Rovdefjorden, ifølgje ny rapport

Fjordkryssing: Rovdefjordsambandet slik det kan sjå ut med kombinert flytebru og røyrbru under vatn. Flytebrua vil vere 1640 meter lang og røyrbrua vil gi ei seglingsdjupne på kring 15 meter. Illustrasjon: Snøhetta 

Nyheter

I snart 50 år har det vore jobba med ulike metodar for å krysse Rovdefjorden for å knytte saman Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Ein ny rapport gir ein oversikt over kvar Rovdefjordsambandet står og peikar ut vegen vidare.