Heller ikkje om bygdene Norddal og Eidsdal ikkje blir med vidare.
Det seier eit samrøystes kommunestyre i Norddal.
Innbyggjarar ber Norddal sjå mot Stranda
– Eg er glad for å få denne avklaringa. Vi kan ikkje snu no. Samanslåinga av Stordal og Norddal til Fjord kommune vart godkjend av Stortinget allereie i juni i fjor, seier ordførar Arne Sandnes (Sp).
Eit forslag frå SV om å gjennomføre ei innbyggarundersøking på nordsida av fjorden vart også avvist, mot SV si røyst.
Vidare vedtok kommunestyret at dei snarast må få til eit møte med departementet.