Dette seier den eine av to målskårarar i cupbomba som vart detonert mot AaFK sist tysdag kveld, kroaten Franjo Tepuric (28). 4. divisjonslaget Bergsøy med sine reine amatørar vann 2–1 mot sine heiltidsbetalte kollegaer frå Ålesund. Bomba gjev ristingar i landskapet framleis, og i Herøy sjølvsagt med positivt forteikn.

Humørspelaren

Franjo Tepuric kom til Herøy frå eit opphald i Hødd. Han har vore her i fire år no, har etablert seg med hus, kone og to barn i bygda. Ikkje minst har han etablert seg som ein sterk støttespelar på fotballaget.

– Du spør kva som gjer det mogleg for oss å slå ut eit lag som Aalesund. Det er då eg svarar at humør og innstilling er våre nøkkelfaktorar, seier Franjo. Han meiner miljøet i garderoben smittar over på alt laget har føre seg.

Med glimt i auget: Humør er det som pregar miljøet på Havila Stadion – her representert ved dagleg leiar Tom Beddari og cuphelt mot AaFK – Franjo Tepuric. Foto: Knut Arne Aarset

– Der er fleire svært unge humørprofilar. Eg kan aldri kome inn i den garderoben og sjå til dømes Ben eller Martin, utan at eg straks må le og kjem i topp humør, seier Franjo. Han har bakgrunn frå U21-landslaget heime i Kroatia, og han har vore innom Sarpsborg på eit prøveopphald. No har han jobb i klubben han spelar for, med fleire ulike oppgåver.

Vil levere landslagsspelarar

– Eg ser det som eit privilegium å få jobbe midt i dette miljøet. På treningar og i alle mulege høve har meg med seksåringen min Toni til stadion. Også han likar seg kjempegodt her.

– Nummer to, Nico, er berre seks månader, så det er akkurat litt for tidleg å ta med han, ler Franjo. Han held fram i same tone: – Siktemålet mitt på sikt er å levere to klassespelarar til det norske landslaget i fotball – av eige oppal.

– Ambisjonar må ein jo alltid ha, i smått som stort. Det burde AaFK også hatt, fintar Franjo og serverer kaffi. Det er ikkje vanskeleg å merke at tonen er god mellom kroaten, som snart snakkar fullgodt sunnmørsk, og dagleg leiar Tom Beddari.

– Franjo er absolutt ein type vi treng i miljøet. Og koplinga han påpeikar mellom humor og trivsel er jo hundre prosent sann og aktuelt, seier Beddari. Han seier seg særleg glad for at klubben har fått så stor breidde i satsinga, at dei kan mønstre alt frå minste rekruttlag til nedtrappingslag for dei som eigentleg har slutta å spele fotball.

Ta Volda på humøret?

Med eit smil: Cupmålskårar Franjo Telpuric gjer det meste med eit smil – som å servere nytrekt kaffi til ein journalist. Foto: Knut Arne Aarset

Kroaten Franjo synest på si side at det kanskje vert i knappaste laget med restitusjon før seriekampen mot Volda i dag torsdag.

– Men det same gjeld jo for dei, som dessverre tapte knapt for Hødd. Kanskje vi kan ta dei på humøret, spøkjer Franjo Tepuric. No ønskjer han seg aller helst sin tidlegare klubb Hødd i neste runde.

Jubel også på fiskarlaget

Over alt i Herøy var det blide cupfjes å sjå onsdag. Sidan Herøy er ein utprega fiskarkommune, klatra vi opp landgangen til snurparen «Herøyfjord» for å sjå om der kunne finnast nokon entusiastar utan fotballstøvlar, men med. I messa sit fire mann bøygde over fiskekvotepapir. Faktisk tre skipperar og ein fiskar, som til gjengjeld er styreleiar i Bergsøy I. L, Torbjørn Hide.

Fiskarane: Blide fiskeskipperar etter fotballtriumf: F.v. Stig Arne Sævik, Sigvald Sævik, Eilert Geir Kvalsvik og Torbjørn Hide. Sistnemnde også med begge sine sjøbein planta i Bergsøy I.L. Foto: Knut Arne Aarset

– Dette tyder svært mykje for klubben vår. Også økonomisk, seier han. Skipper på skuta, Stig Arne Sævik var og såg kampen. – Ei fantastisk oppleving som vil sitje lenge i. Dette var noko vi trengde og som laget fortente, seier han.

Fiskarane: Blide fiskeskipperar etter fotballtriumf: F.v. Stig Arne Sævik, Sigvald Sævik, Eilert Geir Kvalsvik og Torbjørn Hide. Sistnemnde også med begge sine sjøbein planta i Bergsøy I.L. Foto: Knut Arne Aarset