(Sunnmøringen) Fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Grodås er ein av ti finalistar i kåringa av "Noregs verste veg".

NRK Sogn og Fjordane lyste ut konkuransen i mars. Det skjedde etter at fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik, som var uoffisiell tittelinnehavar i ti år, vart utbetra.

Før juryen fekk ei kortliste med 25 kandidatar i førre månad, hadde talet på nominasjonar stige til over 3 000, skriv NRK.

Lokal finalist

I ti dagar framover vil dei annonsere kven som har hamna på topp 10-lista. Fv. 285 Hole - Lier i Buskerud vart offentleggjort som den første finalisten i går, onsdag. Fv. 60 Hellesylt-Grodås blei annonsert som finalist i dag.

- Dette er ei svært viktig gjennomfartsåre mellom Nord-Vestlandet, Sogn og Austlandet, skriv juryen i grunngjevinga.

- Vegen er i svært dårleg stand med bruer som er støtta opp av tømmerstokkar. Dette er ein viktig veg for næringslivet, og omkøyringsmoglegheitene er avgrensa.

I juryen er Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk, Geir A. Mo i Norges Lastebileier-Forbund og Stig Skjøstad i NAF.

Folkeavstemming

- Når alle vegane er presentert vert det lagt ut ei avstemming med alle kandidatane og folket får to dagar til å stemme fram sin favoritt. Juryen har også rangert dei ti vegane og vinnaren vil bli kåra ut ifrå ein samla poengsum av folket sine stemmer og juryen sine poeng, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Kandidatane er plukka ut etter følgjande kriterium:

1. Vegens utforming og kvalitet.

2. Sideterreng.

3. Framkomelegheit og omkøyringsalternativ.

4. Årsdøgntrafikk, trafikkbelastning og ulykker.

5. Samfunnsnytte lokalt og nasjonalt.

Saka blei først publisert i Sunnmøringen.