Søk etter kommune, turmål eller farge i tabellen nederst.

Med dei nye kommunane er det no 13 kommunar på Sunnmøre som er med. I Nordmøre og Romsdal er 17 kommunar med, inkludert Aure, som er ny i år.

Til saman er altså 30 av kommunane i fylket blitt medlem i eit av dei to friluftsråda, og for første gong blir alle turane presentert på same kart og i same nettsida, melder Sunnmøre friluftsråd i ei pressemelding.

– Tidlegare har dei to friluftsråda presentert Stikk UT!-turane imedlemskommunane på kvar våre nettsider. Men no slår vi alt samanfor å gi folk praktisk informasjon og oversikt over alle turane iheile fylket, seier May Britt Haukås og Ola Fremo, leiarane i Sunnmørefriluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, ifølgje pressemeldinga.

Saka held fram under.

– Vi lanserer ei ny felles nettside på stikkut.no tilsesongstart, og markerer på den måten også at Stikk UT! bind osssaman på tvers av regionane i fylket. Vi håper brukarane viloppleve at dei nye nettsidene gjer det enklare å finne nye turmål,registrere turar og skaffe seg nødvendig informasjon.