For dårleg sikring av barn i bil

Fire bilar blei stoppa tysdag med for dårleg sikra barn, ifølge politiet.

Illustrasjonsfoto. 

Nyheter

Politiet melder tysdag morgon at dei har gjennomført trafikkontrollar i Herøy, Ørsta og Vanylven.

I Herøy blei 50 bilar kontrollerte, det var tre reaksjonar for manglande sikring av barn i bil. I Ørsta blei 34 bilar kontrollerte, her var det ein bil kor det var barn som var for dårleg sikra. I Vanylven blei 20 bilar kontrollerte, ingen reaksjonar.

Møre og Romsdal politidistrikt melde om kontrollane på Twitter i 9.30-tida tysdag.