(Vikebladet:) Odd Reidar Ormåsen, regionleiar i Fjord1, fortel at konsernet tok over trafikkterminalen på 1. april i år.

– Vi tok over på Hareid for å vidareutvikle cateringverksemda vi har i høve våre ferjesamband i det geografiske nærområdet til Hareid. Ønsket er å kunne supplere ferjesambanda med påsmurte produkt og tilleggsprodukt som salatar, wraps og liknande. I tillegg ser vi på moglegheita for produktutvikling av nye produkt i vårt Ferdamatkonsept her, seier han til Vikebladet Vestposten.

Inga endring i talet på tilsette

Ormåsen forsikrar at Fjord1 ikkje kjem til å seie opp folk som følgje av endringane i kioskdrifta, då det naturlegvis også vil bli endringar i kioskdrifta om bord i ferjene.

– Nei, det er ingen som vil miste jobbane sine, seier han.

Kiosk og catering

Ifølgje Odd Reidar Ormåsen vil Fjord1 gjere sitt for å puste nytt liv i lokala nede på hurtigbåtkaia på Hareid.

– Kva for konkrete endringar gjer de i høve oppussinga av lokalet?

– Vi byggjer eit produksjonskjøkken og pussar opp kiosken og kafeen som er i lokalet. Ønsket vårt er å kunne gjere lokala meir moderne. Samstundes håper vi at dette blir ein stad der både reisande og fastbuande kan komme inn og kjøpe seg mat og kioskvarer. På sikt ser vi også for oss at vi kan drive catering i nærområdet, seier Ormåsen.

– Svelene forsvinn ikkje

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, fortel at moderniseringa av kioskdrifta på generell basis handlar om å ta i bruk digitalt verktøy og utstyr. Debatten kring om svelene no forsvinn frå ferjene, meiner Neteland er blåst ut av proporsjonar.

– Vi ønskjer å gjere om på heile serveringskonseptet vårt, og vi har difor laga til flotte, sjølvbetente løysingar. Til dømes er det fleire ferjer på Sunnmøre som ikkje har hatt kioskdrift på fleire år, som no får sjølvbetente maskiner om bord, slik folk får kjøpt seg svele og kaffi der også. Totalt sett trur vi dette blir ei flott endring, seier Neteland.

Denne saka sto først på trykk i Vikebladet.

Fjord1 ser føre seg å nytte lokala på trafikkterminalen på Hareid både til kiosk og moglegvis også catering. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Vikebladet