Høgaktuell debatt for Høgskulen i Volda:

Klubbleiar om opne kontorlandskap-planar: – Tilsette kan bli sjuke

– Folk som er avhengige av arbeidsro kan bli sjuke av å bli pressa ut i opne jobblandskap på heiltid.

Øyreklokker: Medielærar Erling Sivertsen testar ut eit støydempande haudesett, som er ein del av strategien ved utstrekt bruk av nye, opne kontorlandskap. – For mange tilsette er det svært viktig å ha eit rom der dei kan trekkje seg tilbake, late attpå døra og kunne føre samtalar både med studentar og i telefonen. No rår det stor uvisse kring kva vi vil ende opp med å få, seier han. 

Vi er mange som har dårleg tru på prinsippet om opne arbeidslandskap.

Erling Sivertsen
Nyheter

Dette hevdar klubbleiar Erling Sivertsen i Forskarforbundet (FF) ved Høgskulen i Volda (HVO).