Natt til onsdag melder Møre og Romsdal politidistrikt at dei på eit døgn har registrert 11 viltpåkøyrslar i fylket. Problemet er særleg stort på Søre Sunnmøre.

Politiet på Søre Sunnmøre melder om store mengder hjort langs vegen i heile Hareidsdalen.

- Vi oppfordrar hermed bilistar i heile fylket å vere merksame på at det er mykje vilt langs vegane på kvelds- og nattetid, skreiv politiet på Twitter i 03.40-tida natt til onsdag.