Første bygg med fire etasjar er vedtatt i Skodje. Og det stoppar ikkje med det, trur ordførar Dag Olav Tennfjord.

Tysdag hadde Skodje næringsforeining invitert Kaj B. Westre i Westregruppen til eit ope møte på Gomerhuset. Temaet som Westre snakka om var eigedomsutvikling, i dette som snart blir ein del av Ålesund kommune.

Følg smp.no på Facebook

Slanke signalbygg

– Kor høgt toler vi i Skodje sentrum? Tre, fire, fem eller seks etasjar, spurde Westre, som sjølv har kjøpt tomta der den gamle barneskulen i Skodje låg.

Relativt høge signalbygg, med grøne flekkar rundt, var anbefalinga frå eigedomsutviklaren.

Effektive knutepunkt var det andre poenget i innlegget frå Westre.

– De tenker for snautt og spreier tomannsbustader over alt. Det trengst fleire høge bygg. Særleg når folk blir eldre er dette etterspurt, ifølgje Westre. Han la heller ikkje skjul på at det er billegare å bygge i høgda.

Skodje-ordføraren meiner Westre har funne ei god oppskrift for Skodje.

– Eg har utfordra kommunestyret på å tillate fire etasjar, og fått gjennomslag ein plass, seier Tennfjord (sjå bildet).

– Ved å bygge høgare, kan vi også bygge mindre i breidda. Då blir det opnare imellom, og plass til meir grønt. Å gje plass til grøne område må vi ikkje vike på, understrekar ordføraren.

Han ser enno fleire fordelar med høgblokk.

– Ved å bygge høgare, får vi også ned prisen for leilegheitene. I ly av lave renter har vi fått høge krav til bustader. No må vi tenke kostnadseffektivitet. Høghus er også midt i bestillinga frå sentrale myndigheiter, om å bygge rundt knutepunkt, seier ordførar Tennfjord.

Digerneset endrar Skodje

Digerneset i Skodje kommune er i ferd med å bli eit nytt knutepunkt for handel og for busstilbod. Her blir det mange nye arbeidsplassar som vil auke etterspørselen etter bustader i området, meiner ordføraren.

– Samtidig må vi ta vare på servicetilbodet i Skodje sentrum. Det gjer vi best med å bygge tett. Servicetilbod og dagleghandel i gåavstand er ein kvalitet folk ønsker og som gjer eit område meir attraktivt, meiner Tennfjord.

På det opne møtet vart Skodje og Ørskog omtalt som komande bydelar i Ålesund.

– Dagens ungdom bestemmer seg for kvar dei vil bu, ikkje for kvar dei vil jobbe, sa Runa Klock.

Ho er prosjektleiar for tettstadutviklinga i Ørskog kommune.

Inviterande møtepunkt var eit uttrykk ho brukte. Det som tettstadane treng er venlege, gode byrom der folk har lyst til å vere, sa Klock.

Haram har tenkt annleis

Omsorgssenteret på Eidet er eit signalbygg med fire etasjar, seier Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter.

– Det er ingen store innvendingar i Haram mot å bygge meir i høgda, legg han til.

I Brattvåg har det i mange år vore fire etasjars blokker oppunder fjellet, og Samfjordgårdene har fem etasjar. På Vatne er det planar om bustadblokker på fire etasjar ved sjøen.