– Eg er den siste valte formannen for Ørskog næringsforum, og vi er tre som sit i styret. Dei har ikkje snakka med oss, seier Furseth til Sunnmørsposten.

Han er no pensjonist, men han er med i leiinga i fleire selskap og framleis litt aktiv i næringslivet. Han beklagar at Ørskog-bygdarar går til Skodje.

– Det har ikkje vore interesse for å ha næringsforum her i Ørskog, sjølv om vi har prøvd å få opp interessa ein heil haug av gonger. I det siste har eg høyrt at enkelte har meldt seg inn i Skodje næringsforum. Føler dei seg ikkje kompetent til å drive si eiga næringsforeining, spør Furseth.

No må han og resten av styret i det gamle næringsforumet finne ut kva dei skal gjere med pengane i kassa. Dette er ein ikkje ubetydeleg sum, i overkant av 100.000 kroner, fortel han.

– Eg er ansvarleg for pengane til næringsforumet. Eitt av forslaga er å gje pengane i kassa til samfunnshuset i Ørskog, som skal pusse opp vestibylen, fortel Furseth, men dette må styret ta opp til behandling.

Han opplyser at dei to andre i styret er Oddbjørn Braute og Erik Røkke.

Vedtok å utvide

Tysdag kveld vedtok Skodje næringsforum å inkludere Ørskog. Ordførar Knut Helge Harstad applauderte dette:

– Førre gong eg var ordførar, for nokre år sidan, var det meir piggane ut mellom kommunane, seier Harstad.

– Dette som no skjer er ein spe start på eit samarbeid mellom Ørskog og Skodje, og etter kvart også Ålesund, håper han, og har dermed eit heilt anna standpunkt enn Furseth.

– At eit samarbeid mellom Skodje og Ørskog er naturleg – det er noko nytt. Det var ikkje slik då eg var ung. Rett nok var vi barn, men vi tok jo etter dei vaksne. No er det eit heilt anna klima, seier Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord.