(Vikebladet:) Torsdag morgon var reserveferja på plass i sambandet Hareid-Sulesund.

Det har gått berre to ferjer i sambandet denne veka, etter at C-ferja «Høgsfjord» vart sendt på eit planlagt verkstadopphald.

No er bilferja «Bjørnefjord» på plass i C-ruta.

Ifølgje Wikipedia er «Bjørnefjord» bygd i 1990, og er søsterskipet til MF «Ullensvang», som går i B-ruta på Hareid-Sulesund.

«Bjørnefjord» skal gå i sambandet til «Høgsfjord» etter planen er tilbake frå 7. mai.