Norgesmeisterskapen for Ungdomsbedrifter har vore arrangert på Lillestrøm denne veka, og Lokalmat UB gjorde det skarpt i konkurransen med bedrifter frå heile landet.
Bedrifta som har utvikla ein app for lokalmat, tok førsteplass i kategorien Beste samarbeid med næringslivet, før bedrifter frå Trøndelag og Rogaland.
Potensial for verdiskaping
Kunsten å glede UB fra Kongshavn videregåande skole i Oslo blei kåra til beste ungdomsbedrift, men Lokalmat UB frå Stranda plasserte seg her som ein god nummer to.
Andreplass blei det også i kategorien Størst verdiskapingspotensial.
Seniorrådgjevar Tor Erik Groeng i NHO delte ut prisen for beste samarbeid med næringslivet, der Lokalmat UB altså tok ein sterk førsteplass.
Juryen meiner vinnaren har eit svært bredt nettverk og har demonstrert ei grunnleggjande forståing for korleis dei skal bruke næringslivet til å utvikle produktet sitt til det betre.
Samarbeid med næringslivet
Vidare har juryen merka seg at bedrifta har hatt tett kontakt med både mentor og andre nøkkelpersonar og bedrifter heile året, og dei har strategisk valt samarbeidspartnarar for å utfylle behovet for kompetanse og utvikling.
Juryen meiner bedrifta viser ein imponerande heilskap, der samarbeid med næringslivet har vore avgjørande i alle delar av prosessen. Resultatet av samarbeidet er en applikasjon der både teknisk løysing og innhald står fram som svært profesjonelt.
Frå Møre og Romsdal tok DigDok UB frå Romsdal vgs førsteplassen i innovasjonskategorien.