– Entreprenøren vil starte med førebuande arbeid første veka i mai, fortel prosjektleiar Olav Megrund i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

K. Nordang har med seg Volda Maskin AS til å utføre grunnarbeida, fyllinga i sjøen og utbetringa av Sjøgata.

Ferjene vil gå som normalt i anleggsperioden. Reisande vil likevel merke arbeida ved at det blir færre oppstillingsplassar og at deler av dagens kai blir inngjerda. Arbeida skal vere ferdig 1. januar 2020. Då skal det settast inn elektrisk ferje på sambandet, opplyser Statens vegvesen.