Ulykka skjedde på fylkesveg 654 i Tjørvåg, ifølgje ei twittermelding frå Møre og Romsdal politidistrikt klokka 10.09 fredag.

Ein lastebil skal ha køyrd av vegen, det er ifølgje politiet meld om liten eller ingen personskade.

I 12.30-tida melder Vegtrafikksentralen at vegen blir stengt på staden. Dette for å få trekt lastebilen opp på vegen igjen.

Henvendingar til Sunnmørsposten tyder på at det var lange køar i området. Frå politiets operasjonssentral får Sunnmørsposten opplyst at stenginga ikkje ville vere langvarig.

Klokka 13.04 melde Vegtrafikksentralen at vegen igjen var åpen for trafikk.