ÅRIM merkar stor pågang frå folk som ønskjer å gjere ein innsats for strandrydding.

– Mange finn ut at dei skal rydde, men det er viktig at det blir gjort på rett måte, seier Ingeborg Ukkelberg, kommunikasjonsjef i ÅRIM.

Får refundert kostnader

Det er Hold Norge rent som står bak Strandryddedagen som i år er 5. mai. Dette er ein del av strandryddeveka som varer frå 30. april  til 6. mai.

Dei som vil gjere ein innsats kan bruke vanlege svarte bossekkar, og så vil ÅRIM hente sekkane i dei tolv kommunane der selskapet opererer. Føresetnaden er at dei som ryddar registrerer seg, slik at ÅRIM veit kvar sekkane er.

– Det er viktig at ein går inn på nettsida vår og registerer seg. Ein må fylle ut eit skjema og få ein aksjonskode, seier Ukkelberg og legg til:

– Vi bruker koden når vi søkjer refusjon. Det kostar nesten 800 kroner å brenne eitt tonn avfall. Vi må søkje for å få det refundert. Dette skal ikkje på gebyra til folk.

– Det verkar litt byråkratisk dette?

– Eg er heilt einig i at det kan verke litt firkanta, men det nyttar ikkje med ein SMS eller ein gul lapp her når det er så mange som er med. For oss er det også viktig å dokumentere dette, slik at vi får tilbake utlegga selskapet har. Vi er for øvrig i dialog med Hold Norge Rent og håper å få dette forenkla til neste år. Vi vil at det skal vere enkelt for dei som gjer denne viktige ryddejobben, seier Ukkelberg.

Må oppgi hentestad

Det er også viktig å registrere gateadresse for plasseringa av sekkane. Dette må vere langs den vanlege renovasjonsruta, og sekkane blir henta på ordinær hentedag.

Ukkelberg understrekar også at det berre er avfall frå strandrydding som skal leverast.

– Det blir oppdaga viss folk legg avfall frå garasjen eller hagen her, seier ho og legg til at denne typen avfall må folk levere til miljøstasjonen.

Stort engasjement

I dei 12 kommunane som er med i ÅRIM merkar Ukkelberg allereie stort engasjement. No prøver selskapet å få ut informasjon, slik at ryddaksjonen skal bli best mogleg.

– Det skjer ei omveltning. Heile samfunnet er med på dette, seier Ukkelberg.

Ordførarane i ÅRIM-kommunane var på årsmøte fredag og er samstemt i at dei vil ta eit tak. Barnehagar og skular engasjerer seg, og nærlingslivet tek kontrakt for å høyre korleis dei kan bidra.