– Det er jo heilt horribelt, seier Ove Bjerkan i Sykkylven.

Han er fersk eigar av ei 80 kvadratmeter stor hytte som no er kome opp på Fjellsætra. Då han skule rydde bygningsplast, vart haugen av sekkar så stor at han berre måtte ta bilete av plastberget.

– Og dette er ikkje alt, ein gong. Ein del har nok allereie kome i søpla. Dessutan er sjølve hytta full av plast. Alle bygg skal jo vere potte tett no, og er utstyrt med ein membran av plast – til og med under hytta.

Han skal no køyre dei 18 sekkane til miljøstasjonen på Jarnes. Bjerkan håper at plasten kan kome til nytte igjen, og at han iallfall ikkje hamnar i havet.

Med tanke på alle hyttene som er sett opp på Fjellsætra, ser Bjerkan for seg at det må vere enorme mengder med plast som er nytta, når han åleine har samla så mykje berre frå si eiga hytte.

Kjent problemstilling

Men kva meiner så byggenæringa?

– Dette med plast og miljø er noko vi lenge har hatt på agendaen, forsikrar Rannveig R. Landet. Ho er direktør for miljø og energi i Byggenæringens Landsforening (BNL).

Ho fortel at foreininga for lengst har kommunisert ut til medlemsbedriftene at plastavfallet skal sorterast ut og leverast til godkjende mottak.

– Kan bruken av plast i byggenæringa reduserast?

– Det kan det sikkert. Vi arbeider no med å finne tiltak som kan minske bruken av plast. Men dette er ikkje noko vi har kome særleg langt med.

Plast hindrar fukt

Samtidig er det jo slik at plast hindrar byggematerialane i å bli fuktige. For fukt er jo noko vi vil unngå, for det kan skade materialen, seier direktøren.

Ho legg til at når det gjeld bruken av plastmembran i bygningar, så skuldast dette tekniske forskrifter som Staten har vedteke.

Rannveig R. Landet er direktør for miljø og energi i Byggenæringens Landsforening. Foto: BNL