Det meiner eit fleirtal i formannskapet i Sykkylven, og sender saka over til kommunestyret for endeleg avgjer 14. mai.

To frå Høgre, samt ei røyst frå Venstre, Frp og Ap, utgjorde fleirtalet på fem.

To andre Ap-representantar fremma forslag om at Tandstad skule får bestå, ved at skulen går frå å vere 4-delt til å bli 3-delt. Dette fekk berre to røyster.

KrF kom med forslag om at Tandstad skule først blir lagt ned hausten 2019. Dette forslaget fekk også to røyster – frå KrF og Frp.

I innstillinga frå formannskapet heiter det også at elevane frå Tandstad skal overførast til Sørestranda skule på Ikornnes.