Klokka 11.47 fredag melde Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter at tjuvar hadde brote seg inn i ein garasje i Langevåg. Innbrotet skal ha skjedd i løpet av natta.

Det er stole diverse verktøy frå garasjen, ifølgje politiet.

Dei har vore på staden og gjennomført åstadsundersøking.