– Dette er eit prosjekt som vil gi god aktivitet, seier Hege Anita Akselvoll, kommunikasjonssjef i Vard.

Søndag kom nyheita om at Prysmian Group har bestilt ein avansert kabelleggar som skal kunne operere på 2000 meter djupn. Kontrakten er verd 1,6 milliardar kroner.

Levering i 2020

Fartøyet er designa av Vard Design i Ålesund og skal leverast frå Vard Brattvaag i 2020.

Akselvoll kan ikkje seie kor mange som no er sikra jobb framover, men det er ikkje få.

– Dette er ein viktig kontrakt både for Vard Brattvaag og for designkontoret vårt i Ålesund, som har jobba ei stund med dette allereie, seier ho.

Fleire av Vard sine dotterselskap blir involvert i levering av utstyr og ulike typar løysingar.

Skroget skal byggjast ved Vard Tulcea i Romania, og arbeidet skal ta til mot slutten av dette året.

Verftet Vard Brattvaag har rundt 130 tilsette, og dei tek til på arbeidet så snart skroget kjem frå Romania. I tillegg vil arbeidet involvere Vard Electro med elektrisk arbeid, Vard Accomodation for utrusting av fartøyet og Vard Piping som skal ha røyrarbeidet om bord.

Vard har bygd kabelleggings-fartøy tidlegare, men dette er det første i sitt slag på lang tid.

Ramma av offshore-krisa

Vard blei ramma av offshore-krisa, men strategien for å kome inn på nye marknader, har gitt resultat.

– Vi har lykkast i form av god ordreinngang, seier Akselvoll.

Kabelleggaren som no skal byggjast, sorterer inn under offshorefartøy, men Vard har siste åra fått kontraktar både på fiskefartøy og cruiseskip.

– Eg kan ikkje seie eksakt kor mange stillingar vi treng på grunn av denne siste ordren, men no lyser vi ut fleire stillingar som følgje av den gode ordreinngangen vi har hatt siste året, seier Akselvoll.

Prysmian Group driv innan kabelteknologi og opererer i 50 land, med 21.000 tilsette. No har dei bestilt eit avansert fartøy for kabellegging på store djup. Teikning: Vard Design Foto: innsendt