Utrykningspolitiet hadde promillekontroll søndag føremiddag på Lerstad i Ålesund. 320 bilførarar blei kontrollert.

– Ei kvinne i 30-åra, som var på veg til eit idrettsarrangement med tre mindreårige barn som passasjerar, blei teken med promille og fekk mellombels tilbakekalt førarretten. Det blir oppretta straffesak, opplyser UP.

I tillegg var det to førarar som hadde såkalla «lågpromille». Desse hadde så låge verdiar at det ikkje vart oppretta sak.

Sunnmørsposten opplyste først at ein mann i 70-åra var fråteken førarkortet i kontrollen, basert på opplysningar frå politiet. Dette stemmer ikkje. UP opplyser søndag kveld at ei kvinne i 30-åra var den som blei teken i kontrollen.