Striden om utbygginga av eit byggefelt i Vestnes har utløyst harde skuldingar og heftig diskusjon om ei fylling eit nybygd hus står på, er lovleg anlagt eller ikkje.

Missa kveldssola

Utgangspunktet for saka var at naboar klaga på at plasseringa av fleire hus ved Kråkvika førte til at dei missa kveldssol og utsikt. Etter at Fylkesmannen i Møre og Romsdal i fjor oppheva byggeløyve for eitt av husa – har saka vore til ny behandling.

Planutvalet i Vestnes stod fast ved at bustadhuset og ei omstridd fylling var i tråd med lova og reguleringsplanen. Klagesaka skal difor til avgjerd hos Fylkesmannen.

Står på fylling

Det er på det reine at fyllinga som bustadhuset står på er opptil 4,3 meter høgare enn slik terrenget var før byggefeltet vart anlagt – og at det ikkje var søkt om «vesentleg terrenginngrep», slik lova krev. Det var også bakgrunnen for at Fylkesmannen meinte saka ikkje var godt nok opplyst og oppheva byggeløyve.

Naboane vil ikkje godta ei slik fylling fordi den gjer at dei misser meir kveldssol og utsikt enn det som gjekk fram då byggefeltet vart planlagd.

Samd med utbyggar

Kommunen har på si side sagt seg samde med Villabyen AS som er ansvarleg for utbygginga, om at stigningsforholda i området og høgdenivået på tilkomstvegen, legg føringar på kor lågt huset kan ligge.

– Avstanden frå adkomstveg til bygninga gjer at det er svært avgrensa kor lågt fyllinga kan etablerast i høve til høgda på vegen for at stigningstilhøva skal vere akseptable, heiter det i saksutgreiinga.

Det vert difor hevda at formålet med reguleringsplanen ikkje let seg realisere utan slike inngrep som no er gjort – noko planutvalet gav si tilslutnad til.

Byggeløyvet

I byggeløyvet frå kommunen vart det argumentert med at sjølv om tiltaket fører til endring i sol- og siktforhold – i hovudsak for den næraste naboen – så er ikkje endringa større enn det ein må rekne med i eit regulert bustadområde.

«Kokkelimonke»

Allereie tidleg i saka har det vore stilt spørsmål ved habiliteten hos teknisk eining i saka. I samband med klagebehandlinga har advokat Bjørn Kristian Hove sendt eit brev til fylkesmannen og meiner sakshandsaminga til kommunen luktar «kokkelimonke» – altså avtalt spel.

Einingsleiar Emil Balstad i Vestnes kommune seier han ikkje har nokon spesiell kommentar til skuldingane som no vert gjentekne i brevet til Fylkesmannen.

– Men ein kan ikkje jobbe i kommunen om ein ikkje toler litt forskjellig. Folk må få lov til å tenkje som dei vil, men eg meiner konklusjonen er feil, seier han til Sunnmørsposten.

Fjerna sakshandsamar

Bakgrunnen for skuldingane er mellom anna at ein tidlegare sakshandsamar deltok på ei reise til USA. På reisa som vart arrangert av Sparebanken Møre, besøkte reisedeltakarane ein utflytta sambygding som er deleigar i selskapet som eig bustadprosjektet.

Forholdet er tidlegare vurdert av administrasjonssjefen i kommunen, som kom til at dette ikkje vert råka av habilitetsreglane i forvaltningslova. Men fordi klagarane stilte spørsmål ved om det var eigna til å svekke tilliten til kommunen sin behandlinga av saka, vart den opphavlege sakshandsamaren teke av saka. I ettertid er det nemnde Emil Balstad som har teke hand om saka.

I første versjon av denne saka stod det at Krogset Bygg er utbyggjar for prosjektet, men det rette er Villabyen AS. Krogset Bygg er ansvarleg søkjar (journ. anm.)

Fleire naboar i bustadfeltet har klaga på plasseringa av fleire bustader i Ramberget byggefelt – mellom anna huset til høgre plassert på ei fylling. Foto: NN