Forventninga for dette året er litt større enn den var i 2013, ifølgje Sparebank 1 sitt forventningsbarometer for Møre og Romsdal.

Dette barometeret viser også at utsiktene for Møre og Romsdal nærmar seg landsgjennomsnittet.

Ein av tre vil investere meir

I takt med dette veks også viljen til å investere i bedrifta si. Ein av tre bedriftsleiarar i Møre og Romsdal trur på vekst i investeringane dette året. Dette er akkurat som snittet for landet.

Men ikkje alt er positivt. Heile 16 prosent i Møre og Romsdal trur på ein nedgang i investeringane, samanlikna med i fjor.

Betre for maritim

Den største endringa har skjedd i maritim industri. Det som før vart omtalt som «negative utsikter» er no endra til «nøytrale utsikter».

Aukande kontraheringsaktivitet og god ordrebok gir grunnlag for optimisme. Det er også teikn til betring for engineering og oljeservice, og indikasjonar på aukande bemanningsbehov. For dei store verfta er det framleis utfordrande på grunn av omstilling, går det fram av undersøkinga.

Fisk

Størst optimistar er truleg fiskarane. Dei forventar bra forteneste også i år.

I fiskeindustrien på land har marginane utvikla seg noko i positiv retning. Det vil framleis vere tøffe utfordringar for fiskeindustrien både ut frå høgt prisnivå og tilgang på råstoff.

– Tilgang på råvarer, kjøpekrafta i dei store marknadene og valutakursar er vanskeleg å føresjå. Per i dag er det vanskeleg å sjå at forbrukarane, korkje i Europa, Asia eller Brasil, er innstilt på å betale høgare prisar for produkta vi produsera og sel, seier Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge i ein kommentar til Sunnmørsposten.

Framleis raudt for supply

Innan offshore supply må fleire fartøy ut av marknaden. Kontraktsaktiviteten har auka, men ratane er framleis for lave, meiner banken.

Bustadbygginga er svakt aukande i Møre og Romsdal.

I Ålesund står rundt ni prosent av kontora tomme.

I landbruket er det grei lønsemd for dyktige matprodusentar, viser forventningsbaro- meteret.

Vanskeleg å spå: Fiskeindustrien har ikkje i same grad vore prega av nedturen, og vil nok tilsvarande heller ikkje bli prega av ein opptur i næraste framtid, trur Inger-Marie Sperre. Arkiv: S. Wattø Foto: Staale Wattø