– Dette har vore ei heilt fantastisk helg. Og vi har berre fått positive tilbakemeldingar på arrangementet vårt.

Det seier Hallgeir Hove, kulturkonsulent i Stordal og dagleg leiar av Stordalshallen.

Framleis UKM

Det som før heitte Ungdommens kulturmønstring har no skifta namn til Ung kultur møtast. Dermed kunne ein behalde forkortinga UKM.

I løpet av helga fekk ungdomane vise fram kva dei kan innan song, musikk, dans, film og visuelle uttrykk som bilete, fotografi og skulptur.

I hall og bedehus

Det meste fann stad i Stordalshallen, medan kunsten vart vist fram på bedehuset, som for anledninga var gjort om til eit galleri.

– Denne helga har vi verkeleg fått stadfesta at det er mykje flott ungdom i Møre og Romsdal som er svært flinke i tillegg, meiner Hallgeir Hove.

Han fortel at alt gjekk etter planen med det store og omfattande arrangementet, både når det gjeld det scena, overnattinga og maten.

Då Sunnmørsposten snakka med Hove seint i går ettermiddag var han i full gang med oppryddinga.

Maurtue

– Det er mange som hjelper til. Ja, det ser ut som ei maurtue her no.

– Det er ein god følelse at vi har gjennomført dette arrangementet på ein skikkeleg måte. Så no er det lov å vere litt slitne, legg han til.

UKULELE: Kristine Marie Høydal frå Sula song og spelte ukulele. FOTO: DAG ISAKSEN / UKM MEDIA Foto: Dag Isaksen
PIANO: Frå Giske kom Maren Skjong for å spele piano. FOTO: FRODE SYNNES / UKM MEDIA Foto: Frode Synnes
KVARTETT: Fantejohnne Trio & Han Hinn består av Adrian Helde Remøy, Henrik Halle, Henrik Moltubakk og Sander Wefring. Dei kjem frå Herøy og Vanylven. FOTO: UKM MEDIA