Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Nyleg har bystyret i Flora vedteke at den framtidige Kinn kommune skal vere plastfri. Bjørlo har tru på at kommunane kan nytte forbrukarmakta si til å bidrege til mindre bruk av plast, og trur fleire kan følgje etter.

For nokre år sidan bad Eid om at dei berre ville ha «fossilfrie» pensjonspengar frå si nasjonale pensjonskasse.

– Då var det ein kommune som tok initiativ. Det spreidde seg lynraskt, og førte til at etter eitt år var alle pensjonspengane til heile kommune-Norge trekt ut av kolkraft. Eg trur at tilsvarande lokale initiativ vil rulle rask på seg, seier Bjørlo til kanalen.