Dei to unge mennene møtte nyleg i Sunnmøre tingrett, tiltalt for seksuell omgang med to jenter under den seksuelle lågalder.

Mennene er dømde til fengsel i 90 dagar, men straffa er på vilkår, med to år prøvetid.

Aktor hadde lagt ned påstand om samfunnsstraff, medan forsvararen meinte dei måtte frifinnast.

Begge gutane vedgjekk det dei var tiltalt for, men retten ser fleire formildande omstende i saka. Det er ikkje haldepunkt for at gutane utnytta jentene og begge forholda var på mange måtar prega av gjensidigheit, ifølgje dommen.

Begge jentene har forklart at dei var kjærastar med gutane, og ingen av dei har sett fram krav om oppreisingserstatning.