Fjernar 20 parkeringsplassar ved Sulesund ferjekai

Det blir færre parkeringsplassar på Sulesund i samband med ombygging av ferjekaia.

Parkering: Vegvesenet fjernar 20 parkeringsplassar ved Sulesund ferjekai frå 7. mai. 

Nyheter

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding måndag. Plassane blir avstengd frå måndag 7. mai.

- Området ved øvre del av kiosken skal sperrast av mens vi fjernar kiosken og bygger ny veg og mur, seier prosjektleiar Olav Megrund i pressemeldinga.

Sulesund: Slik påvirker anleggsarbeidet deg som trafikant

Området, avmerkt i biletet under, blir stengt fram til ny kai står ferdig neste år.

- Vi håpar å opne nokre av parkeringsplassane i dette området til hausten, seier Megrund.

Arbeidet med ferjekaia byrja i september i fjor, det skal byggast ny ferjekai og nytt oppstillingsareal. Arbeidet skal vere ferdig ved årsskiftet.


Snart rives ferjekiosken:

Bygger ikke ny kiosk på Sulesund

I slutten av april avvikles drifta av Sulesundkiosken. Etter planen skulle kiosken drives videre i nytt bygg, men det blir det ikke noe av.



Sulesund

Arbeidet med ny ferjekai skyt fart

Kaia skal vere ferdig om vel eit år, og då kjem det tre nye elektriske ferjer på sambandet.