I dag er det inga utdanningsretning som er spesielt retta mot caravanbransjen.

Difor har Pål Ragnar Amundsen, adm.dir. i Kroken Caravan, teke kontakt med Rauma vgs.

Skulen vil gjerne starte opp ei landsline. Fagnemninga skal vere caravanteknikar, og det blir jobba for eit fagbrev.

Det er meininga at faget i hovudsak ska ha sitt utspring frå Vg1 elektro. Vg2-tilbodet er foreslått til å vere Vg2 Bobil og caravan.

Fylkesutdanningssjef Erik Brekken støttar ideen, og føreslår at yrkesopplæringsnemnda støttar Rauma vgs. sitt arbeid med det nye tilbodet.

Norges Caravanbransjeforbund stiller seg også bak det vidare arbeidet.