Kjøpet kjem under eitt år etter at dei kjøpte Hotell Ivar Aasen i Ørsta.

Allereie då signaliserte dei stor interesse for Nordfjord:

Gondolbane ein magnet

– Det er berre ved å tenkje i større regionar at vi kan lukkast. På den måten reknar vi oss også som ein del av Nordfjord, og dermed i praksis til dømes satsinga på gondolbana i Loen. Dette er ein magnet vi trur på for framtida, i tillegg til alle dei andre lokale, sa Njål Sævik 30. juni i fjor, då det var klart at Havila Holding hadde kjøpt Hotell Ivar Aasen i Ørsta.

Per Sævik er dagleg leiar i Havila Holding, medan Njål Sævik er styreleiar. To søsken av Njål er styremedlemmer.

Havila Holding eig og driv også eit hotell på Færøyane, og dei er medeigarar i Thon Hotel Fosnavåg.

Også reiarlag

Sævik-familien eig også offshorereiarlag, verft, Fjord1 - og nyleg vart det klart at dei også engasjerer seg i hurtigrutedrift.

First Hotel Raftevold er eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Norge, drive av fire generasjonar i Raftevold-familien sidan 1867.

I 2011 kjøpte Jens Brokmann og Petra Wieth hotellet. I dag eig Brokmann hotell-selskapet åleine.