Ein betent skulestrid i Sykkylven kan føre til at ein seterveg blir stengd for ålmenta.

Striden står om Tandstad skule i Straumgjerde skal leggast ned eller ikkje, skriv Sykkylvsbladet.

For no har tre medlemar av Straumsdalen grunneigarlag kravd ekstraordinært årsmøte, der dei vil kome med framlegg om at ein privat seterveg blir stengd med umiddelbar verknad for motorkøyretøy.

Dei tre grunngjev framlegget med trusselen om nedlegging av Tandstad skule, færre innbyggarar på sikt – og færre til å gjere dugnadsarbeid på vegen. Dette vil dei synleggjere ved ei stenging. Dei føreslår at det vert kodelås på bommen, og eit skilt med opplysning om kven ein kan ringe for å få koden, som vil bli endra utan varsel.