Ikkje langt ifrå Caen i Normandie ligg vikinglandsbyen Ornavik. Vikingparken har som mål å lære bort historia om vikingtilknytinga som staden har på ein kjekk og interessant måte.

Òg der har Rollo og Sunnmøre ein særskild plass. Som dei aller fleste sunnmøringar «veit», grunnla Gange-Rolv, son av Ragnvald Mørejarl, eit jarldømme i Normandie.

I Frankrike er Gange-Rolv kjend som Rollo, og denne figuren er truleg ein forfar til Vilhelm Erobraren av Normandie, som tok England i 1066 og oppretta eit nytt normannisk kongehus der. Det er dermed ikkje rart at franskmennene er opptekne av vår felles vikinghistorie.

Onsdag fekk Giske og Ålesund besøk frå Ornavik.

Delegasjonen skal gå i Rollo sine fotspor, og dei starta dagen i Giske kyrkje. Deretter gjekk turen mellom anna vidare til den store bautaen om Gange-Rolv på Vigra, som vart reist av ungdomslaget Mjølner i 1908.

Samarbeid?

– Dei driv ein pr-kampanje for vikinglandsbyen sin. For vår del ønskjer vi å vere gode vertar. Vi tek dei godt i mot og viser fram vår side av historia. Men dette kan vere den første spiren til eit vidare samarbeid. Det hadde vore veldig interessant å følgje opp den tanken, seier Frode Synnes, kultursjef i Giske.

Meirsmak

Etter besøket i Ålesund og Giske skal delegasjonen vidare til Bergen og Oslo – før dei skal innom Sverige og Danmark.

Med seg har dei maraton-løparen  Lionel Rivoir  som skal springe større delar av ruta.

– Det er òg snakk om at dei skal lage eit fjernsynsprogram som skal sendast på fransk fjernsyn til hausten, fortel Synnes.

Ved bautaen på Roald vart dei besøkande overraska av ein tropp lokale vikingar, og det gav meirsmak.

– Dei gav til kjenne at besøket var veldig kjekt og at det oversteig forventningane dei hadde. Dagen var veldig lærerik og interessant, seier Synnes.

På Roaldsanden fekk dei fortalt gamle segn frå Vigra om Gange-Rolv. Dei fekk òg oppleve ei markering nettopp på den stranda på Vigra der Gange-Rolv og mennene hans etter segna reiste ut ifrå.

Bauta: Grunneigar Jon Arne Roald og Christian Sebire framfor bautaen om Gange-Rolv på Roaldsanden. Den vart reist tre år før Normandie feira 1000-årsjubileum. Foto: Marius Simensen