– Det kostar oss noko, og det kostar miljøet noko, at vi har sendt tekstilrestane til forbrenning. No kjem restane til nytte. Det forsterkar berekrafta i forretningsmodellen vår, seier Bjørn Aage Haugen.

Han er dagleg leiar i tekstilprodusenten Innvik AS i Stryn.

No er Haugen glad for at dei har inngått samarbeid med søsterbedrifta Really i Danmark, som nyttar tekstilrestane til å lage nye produkt, Solid Textile Board og Acoustic Textile Felt.

Akustisk filt

– Vi mel opp tekstilar, bearbeider dei og lagar dei om til mellom anna akustisk filt som kan nyttast i kontorlandskap, og til eit materiale som kan nyttast til møbelmaterial i til dømes benkar og hyllesystem.

Det fortel Wickie Meier Engström, direktør i Really.

Både Really og Innvik har det danske konsernet Kvadrat som medeigarar.

Really kom i gang med produksjonen sin i fjor, og har fått sine første kundar. Dei reknar med auke i salet og vil då trenge meir tekstilar.

Møbelbransjen

I samband med ei utviding ser dei for seg at neste steg blir å inngå eit samarbeid med møbelindustrien – mellom anna på Sunnmøre.

Der er det nok også tekstilrestar som i dag hamnar i omnen.

No kan denne plata til dømes bli nytta til rominndelarar eller hyller.

– Når produkta kjem ut frå oss som Solid Textile Board, så er dei like harde som tremateriale, legg ho til.

– Det tek ikkje lang tid å fylle ein container. Det er snakk om eit svinn på fem til sju prosent her hos oss, og då blir det jo ein del i løpet av eit år, sjølv om vi heile tida prøver å få så lite avfall som mogleg, seier Haugen.

Really er førebels ei lita bedrift, med store ambisjonar:

– Vi gjer avfall om til gull og vil også inn på den norske marknaden med produkta våre, seier Really-direktøren.

Ein gong var dette møbeltekstilar. No er det omgjort til plater som mellom anna kan nyttast til kontormøblar, fortel Wickie Meier Engström i Really. Foto: Terje Engås
Tidlegare møbeltekstilar kan også bli til benkar etter at det har vore til bearbeiding hos den danske bedrifta Really. Foto: Really